PUST
Laurdag 26.september kl 18
PUST er ei norsk vokalgruppe som har prega den nordiske a cappella-scenen i over to tiår. Med røter i folkemusikk, jazz og vokalimprovisasjon, har dei utvikla eit uttrykk som er både nært og kraftfullt. Dei seks songarane i gruppa kombinerer tradisjon og nyskaping på ein måte som treff publikum på tvers av kulturar og landegrenser. PUST har gjeve ut seks kritikarrosa album, vorte nominert til fleire CARA Awards (ofte kalla “a cappellaens Grammy”), og vart nominert til Spellemannprisen – Norges gjævaste musikkpris - for debutalbumet “Femkant”. Julealbumet «Julero» har vorte ein kjær tradisjon for mange. Dei har opptrådt på NRK sitt program Beat for Beat, spelt på store festivalar over heile Europa, og sunge for publikum i Nidarosdomen og på Brandenburger Tor.
Musikkpressa omtalar PUST som “meditativt og dypt beroligende” (VG) og “blant de mest unike vokaluttrykkene du vil høre” (The Recorded A Cappella Review Board). Anten det er i storslåtte konserthus eller intime kyrkjerom, leverer PUST konsertar som lyftar fram stemma si uttrykkskraft og skapar rom for ro, nærleik og musikalsk magi.
Operastjerner!
Sundag 4.oktober kl 15
Audun Iversen frå Harstad og Lina Johnson frå Austevoll er Norges mest kjende operapar. Med store, internasjonale karrierer er det sjeldan ein ser dei på små scener, og ein intimkonsert med desse to røystene saman er ei stor hending. Paret er busett i Oslo, der Audun for tida er på kontrakt med Den Norske Opera. På Operalåven får me høyre favorittrepertoaret deira - arier og duettar frå roller dei har spelt på ulike scener rundt om i verda. Audun kan med sin kraftige, men fløyelsmjuke barytonrøyst syngje både Mozart og Wagner med same eleganse, og den vakre sopranstemma til Lina får det til å høyres leikande lett ut å syngje partiar frå Verdi sine berømte operaer. Kven dei tek med seg ved flygelet vert bekrefta seinare.
Me ynskjer velkomen til ei oppleving med gåsehudgaranti!
Unge talent frå Operahøgskulen
Laurdag 10.oktober kl 16
I serien “Ung Utvikling” har me gleda av å ynskje studentar ved Operahøgskulen i Oslo velkomne til Ål. Operalåven har i 2026 fokus på unge songarar og ungt publikum, og kva er då meir treffande enn å invitere lovande talent til å førebu og halde ein eigen konsert for ungdom i Hallingdal?
Ung Utvikling er sponsa av Wilhelmsenstiftelsen, Sparebankstiftelsen Hallingdal og Sparebankstiftelsen DNB. Konserten er gratis for born og unge opp til 21 år.
OTIUM strykekvartett
Laurdag 24.oktober kl 16
Kvartetten OTIUM vaks fram våren 2024. Dei fire medlemmane har lang fartstid som solistar og kammermusikarar i inn- og utland, og frå leiande stillingar i ei rekke ulike orkester. Musikarane ynskjer å spreie gleda med strykekvartett til både ferske og erfarne publikummarar.
Navnet OTIUM syner til ein fristad der ensemblet vel musikk etter eiga lyst og lidenskap.
Samklangen og spennet som to fiolinar, bratsj og cello byr på, gjer strykekvartetten til sjølve juvélen i kammermusikkens! Joseph Haydn - Mozart sitt førebilete - oppfann kvartettformen allereie på 1780-talet. Sidan har dei fremste komponistane i verda i tur og (u)orden utvida repertoaret. Musikarane føretrekkjer å opptre tett innpå publikum, i små salar, slik det var meint då musikken vart skriven.
Katrine Buvarp, fiolin
Miłka Dowlasz, fiolin
Nora Taksdal, bratsj
Katharina Hager-Saltnes, cello
MUSIKKTJUVEN - ein barneopera
Sundag 15.november kl 12
Musikktjuven er eit nyskrive syngespel for barn. Ein ulykkeleg konge har forbode sang og musikk i landet sitt, og innbyggjarane har levd så lenge utan melodiar at dei har gløymt kva musikk er. Men ein dag finn systrene Frida og Alma og naboguten Knut nokre gamle instrument på eit støvete loft. Inni eit skap finn dei óg nokre store, rare flasker. På flaskene er det lagra masse musikk: Rytmisk musikk, musikal, pop og klassisk, ja til og med opera!
Framsyninga varar i ca. 40 minutt utan pause.
Høver best for barn frå tre år og oppover.
Medverkande: Silvia Moi, Benedicte Sofie Ribe og Nils Harald Sødal.
Musikktjuven er ein del av programmet “Ung Utvikling”, sponsa av Sparebankstiftelsen Hallingdal og Sparebankstiftelsen DNB.
Unge talent frå Norges Musikkhøgskule
Laurdag 21. november kl 16
I serien “Ung Utvikling” har me gleda av å ynskje songstudentar ved Musikkhøgskulen i Oslo velkomne til Ål. Operalåven har i 2026 fokus på unge songarar og ungt publikum, og kva er då meir treffande enn å invitere lovande talent til å førebu og halde ein eigen konsert for ungdom i Hallingdal?
Ung Utvikling er sponsa av Wilhelmsenstiftelsen, Sparebankstiftelsen Hallingdal og Sparebankstiftelsen DNB. Konserten er gratis for born og unge opp til 21 år.
Operapub - Ål by night!
Fredag 27. november kl 19
“Operapub i låven er ei salig blanding av avslappa bygdefest og fine musikalske augneblink. Medan landskapet ligg mørkt og stille, sit me inne i det varme fjøset og let uss underhalde av dei beste nummera frå opera og operette. Songarane syng 3 sett i løpet av kvelden, og når dei ikkje syng er det tid for skravling og noko godt i glaset. Bartender Espen opnar dørene kl 19, og songarane kjem på scena etter kvart. Velkomen til ein kveld i hyggeleg lag med vener, sambygdingar og gode songarar.
Medverkande - "Store stemmer":
Hanne K. Askeland, sopran
Dagfinn Andersen, baryton
Ole Haagenrud, piano
Operajul!
Laurdag 5.desember kl 19
Gløym høgtideleg knefall og pompøs opera – no blir det herleg julekaos! Er du klar for ein julekonsert heilt utanom det vanlege? OperaJul tek dei aller største, mest kjende operasviskene og gjev dei ein solid dose humoristisk, norsk ansiktsløfting. Her blir dei episke drama bytta ut med gjenkjennelege og heilsprø karakterar me alle møter i julestria. Ein stressa julealv som har fått meir enn nok av pakkepresset. Ein herleg snobbete finare frue frå Blommenholm som krev ei perfekt jul. Ein sjølvgod julenisse... og kva i all verda har skjedd med Rudolf i år?! Dette blir ein kveld med skyhøge vokale prestasjonar og garantert latterkrampe. Ta med deg vennegjengen, familien eller naboen og sikre deg billettar til årets desidert mest morosame julekonsert - slik har du aldri høyrt O mio babbino caro, Blomsterduetten og La donna è il mobile!
Medverkande:
Cecilie Cathrine Ødegaarden, sopran
Marit Sehl, mezzosopran
Øystein Skre, bass
Kristin Lunde, piano
Julejazz
Laurdag 19.desember kl 19
Gitaristane Frode Kjekstad og Arild Jensen spelar jula inn med juicy jazzlåtar. Kva kan vel vere betre enn å lene seg attende og slappe av litt den siste helga før jul - og lata bossa-inspirerte rytmar gynge deg inn i julemodus? Frode Kjekstad er ein internasjonalt kjend jazzgitarist, som spelar på scener i inn- og utland. Arild Jensen er Hallingdal sin eigen gitarhelt, som dei seinare åra ofte har stått i bakgrunnen som komponist eller arrangør - men denne kvelden er det soloartisten me får høyre.
Kanskje kjem óg budeia på låven fram og syng med på nokre låtar?
Kjøp billettar
Billettar til alle våre framsyningar kan kjøpast direkte i skranken på Ål kulturhus, eller på heimesida til Ål kulturhus. Der kan du og kjøpe gåvekort til framsyningar i Operalåven.
Hugs at vi har gratis inngang for barn og ungdom t.o.m 21 år!
