Om Operalåven

Operalåven er ei kulturscene i Ål i Hallingdal. Låven ligg høgt oppe i lia i Votndalen, nesten 800 m.o.h., på ein staseleg gard frå starten av 1700-talet. Sidan 2019 har det blitt arrangert konsertar og framsyningar på garden, og i 2024 vart det hundre år gamle fjøset gjort om til ein konsertsal. Frå garden har du spektakulær utsikt utover Hallingdal og fjella - óg når du sit inne i lokalane. Den 7 meter lange glasveggen gir deg ei kjensle av å vere ute i naturen, sjølv om du sit varmt og godt innandørs.

Operalåven er den eineste aktøren i Buskerud som jamnleg byr på arrangement innen opera. Dei faste konsertseriene våre er Nyttårskonsert, Påskeklang og Sommeropera. I tillegg har vi gleda av å invitere til andre konsertar gjennom året, gjerne i samarbeid med andre arrangørar som f.eks Fryd scene. Du kan bestille billettar til arrangementa gjennom vår gode samarbeidspartner Ål kulturhus, www.aal.kulturhus.no.

Operalåven kan óg leigast til ulike arrangement. Salen tek 140 personar (max 110 til bords). Det er kjøkken, garderobe og toalett, alt med universell utforming.

Velkomen til oss som publikum, utøver, selskapsgjest eller møtedeltakar!

Beste helsing
Marit Sehl, dagleg leiar

Historia om garden Nørdre Sehl

Marits oldefar, Halvor Oppheimshaugen, kom frå Oppheim i Torpo. Han kjøpte garden Nørdre Sehl i Votndalen i 1918. Staden hadde opphavleg vore seter, ein «heimstøl», for ein gard lenger nede. Derav kjem namnet «sel». Utpå 1700-talet vart eigedomen skild ut som eit eige bruk, og stova i hovudhuset vart dekorert med flotte takmåleri. Då Halvor og kona Birgit Trintrud flytte dit, tok dei etternamnet Sehl.

På garden stod det eit gamalt fjøs. Halvor ville byggje ein ny og større låve, og etter fleire år med arbeid stod han ferdig rundt 1930. Ein sommardag i 1933 hadde Halvor teke hest og kjerre ned til mølla for å male korn då han fekk sjå røyk frå garden. Det vart nok ein stri tur for hesten opp dei bratte bakkane, der låven stod i full fyr. Folk kom frå alle nabogardane og prøvde å sløkkje med vassbøtter, men til inga nytte. Låven brann ned, og Halvor måtte byrje på nytt. Endå ein gong vart tunet forvandla til eit sagbruk, og nytt tømmer vart henta frå skogen. Tre år seinare var den nye låven reist, med plass til både kyr, hest og sau – etter det som blir fortalt, den største låven i Ål på den tida.

I 2018, nøyaktig 100 år etter at Halvor kom til garden, vart det igjen fast busetnad på Nørdre Sehl. Denne gongen var det ikkje bønder, men ein klassisk songar og ein bygningsingeniør som flytte dit. Planane om å gjere låven om til ein konsertsal tok form, og for å prøve ut ideen vart det annonsert ein «kald nyttårskonsert» i den trekkfulle, men stemningsfulle låven. Eit eventyrlystent publikum møtte opp, og det gav meirsmak. «Sommaropera» ute på tunet vart det neste prosjektet, og då var det ingen tvil – dette var moro!

Sidan den gongen har fleire tusen menneske funne vegen opp bakkane til garden. Etter ombygginga er fjøset no ein varm og fin konsertsal, der vi har teke vare på mest mogleg av lafteveggene og det gamle interiøret. Fotografi av garden frå 1925 og 1928 heng på veggen. Der kan ein sjå både den eldste låven og låven som brann. Velkomen til Operalåven!