Utleige av lokale

  • Selskapslokale i Operalåven i Hallingdal

    Selskap

    Salen i Operalåven høver til alle typar arrangement og private selskap, som bryllaup, konfirmasjon, navnefest, jubileum eller andre staselege merkedagar. Me kan dekke bord til inntil 110 personar, og har tilhøyrande kjøkken og garderobe. Utanfor låven er det ein hyggeleg terrasse med tønnegrillar og hagemøblement.

    Hallingstugu “Veslestugu”, som ligg øvst på tunet, kan tingas som brudesuite. Reisten av gjestefylgjet kan nytte høvet til å overnatte på vakre Bergsjøstølen fjellstue, eller ved overnattingsstader i Ål sentrum.

  • Møtelokaler i Operalåven i Hallingdal

    Møter og kurs

    Treng du eit møtelokale med det lille ekstra? Kanskje firmaet skal arrangere noko sosialt, eller de får besøk av utanlandske gjestar og du vil syne fram ein bit av Noreg? Salen kan riggast til møte- eller seminarrom, med lerret, projektor og fiberbreiband. Parkeringsplass til 60 bilar og snuplass for buss.

    Me har partnarar innan catering og overnatting, og tilrår til dømes lekre baguetter frå Tid Kafé eller tapas frå Hallingdal catering - eller kva med den lokale tradisjonskosten “småmat og lefsekling”?

  • Utleige til kulturaktørar

    Er du arrangør eller artist og ser etter ein attraktiv spillestad i Buskerud? Operalåven har god akustikk og er spesielt godt egna til akustisk musikk. Ta kontakt, så tek me ein prat om eit samarbeid.

    Syng du i eit kor som ynskjer å ha eit fagleg seminar? Hjå uss kan de fylle lungun med frisk fjelluft i naturskjønne omgjevnadar! Operalåven tilbyr ein sal som er god å syngje i, med komfortable stolar og eit Steinway flygel. Me kan òg tilby kortreist, kvalifisert korinstruktør - songar og dirigent Marit Sehl. Ta kontakt for detaljar.