MUSIKKTJUVEN - ein barneopera

Sundag 15.november kl 12

Musikktjuven er eit nyskrive syngespel for barn. Ein ulykkeleg konge har forbode sang og musikk i landet sitt, og innbyggjarane har levd så lenge utan melodiar at dei har gløymt kva musikk er. Men ein dag finn systrene Frida og Alma og naboguten Knut nokre gamle instrument på eit støvete loft. Inni eit skap finn dei óg nokre store, rare flasker. På flaskene er det lagra masse musikk: Rytmisk musikk, musikal, pop og klassisk, ja til og med opera!

Framsyninga varar i ca. 40 minutt utan pause. 
Høver best for barn frå tre år og oppover.

Medverkande: Silvia Moi, Benedicte Sofie Ribe og Nils Harald Sødal.

Musikktjuven er ein del av programmet “Ung Utvikling”, sponsa av Sparebankstiftelsen Hallingdal og Sparebankstiftelsen DNB.

Unge talent frå Norges Musikkhøgskule

Laurdag 21. november kl 16

I serien “Ung Utvikling” har me gleda av å ynskje songstudentar ved Musikkhøgskulen i Oslo velkomne til Ål. Operalåven har i 2026 fokus på unge songarar og ungt publikum, og kva er då meir treffande enn å invitere lovande talent til å førebu og halde ein eigen konsert for ungdom i Hallingdal?

Ung Utvikling er sponsa av Wilhelmsenstiftelsen, Sparebankstiftelsen Hallingdal og Sparebankstiftelsen DNB. Konsertar på Operalåven er alltid gratis for born og unge opp til 21 år, og denne særskilte konserten er gratis for alle andre òg!

Operapub - Ål by night!

Fredag 27. november kl 19

“Operapub i låven er ei salig blanding av avslappa bygdefest og fine musikalske augneblink. Medan landskapet ligg mørkt og stille, sit me inne i det varme fjøset og let uss underhalde av dei beste nummera frå opera og operette. Songarane syng 3 sett i løpet av kvelden, og når dei ikkje syng er det tid for skravling og noko godt i glaset. Bartender Espen opnar dørene kl 19, og songarane kjem på scena etter kvart. Velkomen til ein kveld i hyggeleg lag med vener, sambygdingar og gode songarar.

Medverkande - "Store stemmer":
Hanne K. Askeland, sopran
Dagfinn Andersen, baryton
Ole Haagenrud, piano

Operajul!

Laurdag 5.desember kl 19

Gløym høgtideleg knefall og pompøs opera – no blir det herleg julekaos! Er du klar for ein julekonsert heilt utanom det vanlege? OperaJul tek dei aller største, mest kjende operasviskene og gjev dei ein solid dose humoristisk, norsk ansiktsløfting. Her blir dei episke drama bytta ut med gjenkjennelege og heilsprø karakterar me alle møter i julestria. Ein stressa julealv som har fått meir enn nok av pakkepresset. Ein herleg snobbete finare frue frå Blommenholm som krev ei perfekt jul. Ein sjølvgod julenisse... og kva i all verda har skjedd med Rudolf i år?! Dette blir ein kveld med skyhøge vokale prestasjonar og garantert latterkrampe. Ta med deg vennegjengen, familien eller naboen og sikre deg billettar til årets desidert mest morosame julekonsert - slik har du aldri høyrt O mio babbino caro, Blomsterduetten og La donna è il mobile!

Medverkande:
Cecilie Cathrine Ødegaarden, sopran
Marit Sehl, mezzosopran
Øystein Skre, bass
Kristin Lunde, piano

Julejazz

Laurdag 19.desember kl 19

Gitaristane Frode Kjekstad og Arild Jensen spelar jula inn med juicy jazzlåtar. Kva kan vel vere betre enn å lene seg attende og slappe av litt den siste helga før jul - og lata bossa-inspirerte rytmar gynge deg inn i julemodus? Frode Kjekstad er ein internasjonalt kjend jazzgitarist, som spelar på scener i inn- og utland. Arild Jensen er Hallingdal sin eigen gitarhelt, som dei seinare åra ofte har stått i bakgrunnen som komponist eller arrangør - men denne kvelden er det soloartisten me får høyre.

Kanskje kjem óg budeia på låven fram og syng med på nokre låtar?

Mozart til Hallingdal - ei reise gjennom Requiem

Storesalen i Ål kulturhus

  • Laurdag 20.februar kl 17

  • Sundag 21.februar kl 13 og 17

Endeleg er det Hallingdal sin tur til å få Mozart på besøk. Lokale krefter og innleigde gjester skal saman setje opp Requiem i ein semi-scenisk versjon, der Mozart sin over 200 år gamle musikk blir sett saman med norske tekster frå vår tid.


Medverkande:
Kor: Ål-koret, Hemsedalskoret og sangelevar ved Ål kulturskule
Orkester: Prosjektorkester med musikarar frå m.a KORK
Sangsolistar: Frøy Hovland Holtbakk, sopran, Marit Sehl, alt, Simen Bredesen, tenor, Øystein Skre, bass
Skodespelarar frå Leveld teaterlag
Dirigentar: Arild Rønsen og Tori Snerte

Idé og produsent: Operalåven i Hallingdal
Medprodusent: Buskerud teater
Regi: Buskerud teater
Manus: tekstar av ulike forfattarar, samla og bearbeidd av Marit Sehl
Lyd: Tor Magne Hallibakken
Lys: Sture Moslåtten

Me ynskjer velkomen til å dele ein vakker vinterkveld saman med oss i Storesalen i Ål kulturhus, når Mozart sitt udøyelege Requiem for fyrste gong blir sett opp av lokalt kulturliv i Hallingdal.



Kjøp billettar

Billettar til alle våre framsyningar kan kjøpast direkte i skranken på Ål kulturhus, eller på heimesida til Ål kulturhus. Der kan du og kjøpe gåvekort til framsyningar i Operalåven.

Hugs at vi har gratis inngang for barn og ungdom t.o.m 21 år!