“Operapub” i låven er ei salig blanding av avslappa bygdefest og fine musikalske augneblink. Medan landskapet ligg mørkt og stille, sit me inne i det varme fjøset og let uss underhalde av dei beste nummera frå opera og operette. Songarane syng 3 sett i løpet av kvelden, og når dei ikkje syng er det tid for skravling og noko godt i glaset. Bartender Espen opnar dørene kl 19, og songarane kjem på scena etter kvart. Velkomen til ein kveld i hyggeleg lag med vener, sambygdingar og gode songarar.
Medverkande - "Store stemmer": Hanne K. Askeland, sopran Dagfinn Andersen, baryton Ole Haagenrud, piano