Back to All Events

Mozart til Hallingdal

  • Ål Kulturhus, Storesalen Myren 40 Ål, Buskerud, 3570 Norway (map)

Wolfgang Amadeus Mozart!

Det musikalske geniet vart allereie som liten gut sendt rundt i Europa for å vise talentet sitt. Musikken han trylla fram både fascinerte og provoserte, og for ettertida har den vorte ståande som noko av det mest briljante mennesket har skapt.

Berre 35 år gamal vart Mozart ramma av sjukdom, og han døydde medan han arbeidde med stykket "Requiem". Verket vart skrive ferdig av to av elevane hans, basert på skisser og påbyrja satsar. I dag blir Requiem rekna som eit av Mozart sine mest ikoniske verk, og det blir brukt som konsertmusikk på arenaer over heile verda.

Endeleg er det Hallingdal sin tur til å få Mozart på besøk. Lokale krefter og innleigde gjester skal saman setje opp Requiem i ein semi-scenisk versjon, der Mozart sin over 200 år gamle musikk blir sett saman med norske tekster frå vår tid.

Medverkande:
Kor: Ål-koret, Hemsedalskoret og sangelevar ved Ål kulturskule
Orkester: Prosjektorkester med musikarar frå m.a KORK
Sangsolistar: Frøy Hovland Holtbakk, sopran, Marit Sehl, alt, Simen Bredesen, tenor,
Øystein Skre, bass
Skodespelarar frå Leveld teaterlag
Dirigentar: Arild Rønsen og Tori Snerte
Idé og produsent: Operalåven i Hallingdal
Medprodusent: Buskerud teater
Regi: Buskerud teater
Manus: tekstar av ulike forfattarar, samla og bearbeidd av Marit Sehl
Lyd: Tor Magne Hallibakken
Lys: Sture Moslåtte

Previous
Previous
20 February

Mozart til Hallingdal

Next
Next
21 February

Mozart til Hallingdal